Kala (12) var utviklingsminister for ein dag

– Tenk på at når me går på skulen, blir jenter gifta vekk, seier Kala Johansen Drammeh. Ho tek eit kraftig oppgjer med barneekteskap.

FAKTA OM JENTEDAGEN:
  • Kala sin debut som utviklingsminister føregår i samband med Den internasjonale jentedagen, som har vorte markert årleg sidan 2012.
  • Girls Takeover gjev vekk sjefsstolen til ei ung jente for éin dag.
  • Jentedagen er til for å rette merksemd mot utfordringane jenter møter rundt om i verda, og som hindrar dei i å få oppfylt rettane sine.
LES FAKTALUKK FAKTA

I samband med Den internasjonale jentedagen, tok Kala Johansen Drammeh over jobben som utviklingsminister. Det er organisasjonen Plan som står bak prosjektet som har fått namnet Girls Takeover. Plan er tildelt årets TV-aksjon, der pengane skal gå til å nedkjempa barneekteskap i Bangladesh, Nepal, Mali, Niger og Malawi.

IMPONERT: Dåverande utviklingsminister, Dag-Inge Ulstein (KrF), var veldig imponert over Kala sin innsats. Foto: UD

Vil få slutt på tvangsekteskap

Kala er opptatt av menneskerettar, og vil kjempa mot både tvangsekteskap og menneskehandel.

12 millionar jenter blir gifta bort kvart einaste år. På grunn av koronapandemien kan 10 millionar fleire barn risikera å verta gifta bort, ifølgje Plan.

– Tenk på at når me er på skulen, så blir jenter gifta bort. Det er skremmande. Det er ekstremt viktig at me som bur i trygge Noreg ropar ut og snakkar for dei jentene som ikkje har sjans til å bli høyrt, seier Kala. 

Barneekteskap fører til at mange jenter blir gravide altfor tidleg.

– Det at barn får barn gjer at mange jenter ikkje får gå på skulen. Dei blir sitjande fast i tvangsekteskapen, seier ho.

Kala meiner Noreg må krevja at land dei handlar med føl menneskerettane.

– Noreg må krevje at landa har respekt for menneskerettane. Noreg kan ikkje handla med land som tillet barneekteskap, meiner ho.

Høyrer stygge ord

Ei anna av sak Drammeh ville kasta lys over medan ho sit i ministerstolen er korleis jenter vert snakka til. Kala går på barneskulen og høyrer stygge ord om jenter kvar dag. 

– Barn og unge må få meir opplæring i korleis me skal snakka til kvarandre. Bitch, hore og andre nedverdigande ord blir brukt om jenter dagleg. Den nye regjeringa bør setja av ein skuletime i veka til samtalar om dette. Hatkommentarar retta mot jenter i sosiale medium er også noko me må snakka meir om, seier ho.

Gode tilbakemeldingar

Dåverande utviklingsminister, Dag-Inge Ulstein (KrF), var veldig imponert over Kala sin innsats. 

– Han sa eg berre kunne ta over, ler Kala. 

Sjølve arbeidsdagen hennar på Stortinget gjekk slag i slag. Det starta med at NRK kom heim til ho for å intervjua ho, før ho blei køyrt til kontoret, Der fekk ho eige nøkkelkort, hadde møter og pressekonferanse – før ho avslutta dagen på utdelinga av jenteprisen. Årets pris gjekk til Moving Mamas for deira arbeid med å få fleire innvandrarkvinner i arbeid.