To attentatforsøk på Donald Trump på kort tid – men kva er eit attentat?

I løpet av to månader har Trump blitt utsett for eitt attentat og eit mogleg attentat. Det vil seie at to personar hadde planar om å drepa presidentkandidaten på grunn av den politiske posisjonen hans.

I juli heldt Donald Trump, presidentkandidat i USA, tale under eit folkemøte i delstaten Indiana i USA. Plutseleg blei det fyrt av skot i retning Trump.

Ein av tilskodarane mista livet i skyteepisoden og to vart kritisk skadde. Trump blei treft i øyra, men han blei ikkje alvorleg skada.

Mannen som utførte attentatet blei skoten og drepen av tryggingsagentar.

Mogleg attentat

Då Trump spelte ei runde med golf i helga, hadde ein væpna mann gøymt seg ved golfbana i nesten 12 timar.

Han blei oppdaga og arrestert av tryggingsagentane til Trump. Mannen er no mistenkt for å ha planar om å skada presientkandidaten og hendinga blir derfor omtala som eit mogleg attentat.

Drapsforsøk på politikarar

Eit attentat er eit forsøk på å drepe ein person i ei viktig politisk stilling. Omgrepet blir i dag også brukt om drapsforsøket er vellukka.

Både noverande president Joe Biden og presidentkandidat, og Trump sin motstandar Kamala Harris, har fordømt attentatet og det moglege attentatet. Å fordømma vil seia å ta avstand frå og kritisera noko.