– Du må vera ein god klassekamerat og passa på at klassemiljøet er godt, seier Ingeborg Kvamme (10).
– Viss ein har nokon å vera med på skulen i friminutta, så blir det kjekkare å vera på skulen, seier Eva Lill Misje (10), og legg til:
– Det går an å spørja om nokon vil vera med viss det er nokon som står åleine. Eg spurde ei i klassen før i dag som stod åleine.
– Me må vera snille med alle, uansett alder og korleis dei ser ut, seier Emma Semb Sakseid (10).
Kjekke skuletimar
Jentene på Stord seier dei trivst veldig godt på skulen. Dei trur fleire hadde syntest det var kjekkare på skulen viss det var fleire timar med musikk og kunst og handverk.
– Og så skulle me få lov til å starta med sløyd tidlegare, seier Mina Kannelønnig Kolstad (10).
– Det kjekkaste er når me får spela instrument i musikktimen, seier Eva.
Emma synest det er kjekt når dei får sitja med den dei vil, og Ingeborg synest det er kjekt når det er fleire oppgåver som dei kan velja mellom.
– Kjedeleg å kjeda seg
Jentene er einige i at det er kjedeleg å kjeda seg.
– Eg synest det er veldig kjedeleg å kjeda meg, men heldigvis gjer eg det veldig sjeldan.
Mina seier ho har høyrt at forsking seier at det kan vera sunt å kjeda seg.
– Då blir det lettare for at ein finn på nye og bra ting, seier ho.