Fleire elevar melder inn mobbesaker

I første halvår av 2022 vart det meldt inn 886 mobbesaker til statsforvaltarane.

Det er ein auke på 16 prosent, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Av sakene som vart behandla våren 2022, fekk 93 prosent av elevane medhald, skriv Framtida.no.

Dei eldste elevane i barneskulen på 5. til 7. trinn blir mest mobba, medan færre blir mobba på høgare skuletrinn, viser tal frå den nye Elevundersøkelsen. Kunnskapsministeren er svært bekymra over tala.

Det var NPK / NTB som fyrst omtala saka.