Forskarar ved eit engelsk universitet har funne ut at hestar er mykje meir intelligente enn vi har trudd. Dei har oppdaga at hestane kan tenke fram i tid og legge planar.
I studien vart hestane lokka med godbitar, og forskarane oppdaga at hestane endra oppførselen sin på den måten som ville gi dei mest godbitar for minst mogleg innsats. Dei var i stand til å forstå spelereglane og endre planane sine undervegs.
– Studien vår viser at hestane tenker framover og planlegger kva dei skal gjere, seier Louise Evans, som leia studien.
Louise Evans håpar at studien vil føre til betre dyrevelferd for hestar. Ho seier at vi vanlegvis pleier å behandle dyr endå betre når vi forstår at dei skjønar meir enn vi trudde.