Nødetatane – ekte heltar

Dei som arbeider i nødetatane er ekte heltar. Brannmenn, politi og helsearbeidarar jobbar hardt og lenge kvar einaste dag for at vi skal vere trygge i Noreg.

Desse tre etatane utgjer det vi kallar nødetatane. Desse etatane kommuniserer på tvers av kompetansen deira, slik at hjelpa som blir gitt i ein krisesituasjon blir så god som mogleg. Det at dei kommuniserer hjelper også på at nødetatane kan koma kjapt på plass og på førehand veit litt om, kva som skjer eller har skjedd.

Vi er heldige som har dei, om vi skulle hamna i ein krisesituasjon. Hadde ikkje vi hatt dei, hadde alt blitt kaos i samfunnet vårt. Dei reddar mange menneske kvar einaste dag.

Eg beundrar nødetatane, fordi dei går inn i samfunnets kriser med livet som innsats. Det betyr at nødetatane er veldig viktige for samfunnet vårt.

Nødetatane består av fleire grupper, og dei får hjelp av redningspatruljar over heile Noreg både på sjøen og i fjellet, byen og på landet. Du må berre ringa nummera til dei som jobbar i nødetaten. 110 for brann, 112 for politi og 113 for helse.

Til slutt vil eg seia at nødetatane er kjempeviktige for at vi skal ha det bra på jorda og få den hjelpa vi treng.

 

Bidraget blei kåra til eit av dei beste i skrivekonkurransen om heltar i regi av Foreningen Les! og Framtida Junior i samband med Tid for ti-aksjonen.