Ei undersøking har sett nærmare på søppel langs vegane i Noreg. Resultatet viser at vi årleg kastar over 700 tonn søppel. Det skriv forskning.no.
Dei som står bak undersøkinga reknar med at dette er om lag 60 millionar gjenstandar. Det dei fann mest av i grøftene, var sigarettsneipar og snus. Det var også mykje matemballasje og annan plast.
– Sjølv om det truleg er eit mindretall av trafikantene som bidrar til forsøpling, har vi eit felles ansvar for å sikre at vegen og omgivnadene blir halde reine og hyggelege. I tillegg kan søppelet føre til skade på miljø og på dyr, seier miljørådgivar Hanne Mørch i Statens vegvesen til forskning.no.