– Veldig viktig å ta vare på nynorsken

Ylva Schmidt-Tjøstheim i elevrådet på Fjelltun skole i Strand kommune meiner både lokalavisa, kommunen og skulen kan gjera meir for å ta vare på nynorsken.

På Fjelltun skole der Ylva Schmidt-Tjøstheim går, er det kring halvparten av elevane som har nynorsk, og resten bokmål. Og mange av elevane i nynorskklassen hennar skriv bokmål heime.

– Eg opplever at mange av lærarane skriv bokmål. Me les tekstar på bokmål i lekse og på skulen. Så for at barn skal bli meir introduserte for nynorsken må me jo ha nynorske tekstar på plakatar og liknande, seier ho.
Kommunen bør også fremja nynorsk, meiner ho.

– Det er jo trass alt det som liknar mest på den dialekten me snakkar.

Ylva Schmidt-Tjøstheim meiner òg lokalavisa Strandbuen bør skriva nynorsk. Sjølv er ho redaktør for klasseavisa, og skriv avisa på nynorsk.

– Eg meiner det er veldig viktig å ta vare på nynorsken fordi me må hugsa at nynorsken blei til av mange ulike norske dialektar, medan bokmålen er bygd på det danske språket.

VISSTE DU AT?
• Nesten 1 av 4 kommunar i Noreg er nynorskkommunar.

• 72.498 elevar har nynorsk som hovudmål i grunnskulen dette skuleåret.

• Vestland er det fylket med flest nynorskelevar. Møre og Romsdal og Rogaland kjem på plassane bak.

• Bjørnafjorden kommune er den kommunen som har flest nynorskelevar.