Å reise kollektivt vil seie å reise saman med mange andre, i staden for å for eksempel køyre i sin eigen bil. Buss, trikk, bane, tog og båt er måtar å reise kollektivt på.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i fjor var 713 millionar kollektivreiser. Det er 14 prosent meir enn i 2022.
Det har vore størst auke i talet på passasjerar som tar tog, og lågast auke i talet på passasjerar som tar båt.