Folk i Stavanger får reisa gratis med kollektivtrafikk

Stavanger kommune skal bruka 200 millionar kroner på å gjera kollektivtilbodet gratis for alle som bur i kommunen.

Frå 1. juli kan folk i Stavanger reisa gratis med både buss, båt og tog, skriv kommunen i ei pressemelding.

Arbeidarpartiet, Folkets Parti, MDG, Raudt, Senterpartiet og SV er samde om å gjera kollektivtrafikken gratis.

– Me vil gjera det enklare og gratis for folk å komma seg på jobb. I tillegg er det eit godt klimatiltak for å få fleire over på kollektivtransport og på sykkel, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Dag Mossige til NRK.no.

Bør alle kommunar få gratis buss, båt og tog?

Bør alle kommunar få gratis buss, båt og tog?

Ja!60
Veit ikkje.2
Nei!24
Svar totalt: 86

 

GIF: Giphy.com