Tips viss du vil snakke med nokon som bruker teiknspråk
Ver tydeleg.
Sjå direkte på personen.
Stå ein stad det er godt lys.
– Yndlingsordet mitt er «søt», seier Rine, og set fingeren på haka for å vise korleis teiknet for det er.
Tre gongar i veka set Rine seg saman med dei andre på Nattland skole i Bergen som bruker teiknspråk. Då får dei teiknspråkundervisning.
Rine er født døv, og norsk teiknspråk er morsmålet hennar.
– Men eg kan også rope med lyd og seie «Hello», smiler Rine.
Sidan journalisten ikkje kan teiknspråk, bruker Rine teiknspråkslærar Victoria Elise Dalaker for å omsetje til norsk talespråk.
– Teiknspråk er eit språk som døve pratar, forklarar Rine. – Det gjer at døve kan kommunisere og snakke. Det er som stemma vår, seier Rine.
Ho bruker teiknspråk kvar dag, både på skulen, og heime når ho snakkar med mamma, pappa og bror sin.
Ein skule lagt til rette for barn med høyrselshemming
På Nattland skole er det 22 elevar som bruker teiknspråk. Skulen er lagt til rette for barn med høyrselshemming. Barn med høyrselshemming får derfor opplæring i og på teiknspråk, i tillegg til at dei går i klasse med barn utan høyrselshemming. Heile klassen til Rine lærer derfor teiknspråk og har teikn å lære seg i lekse på arbeidsplanen kvar veke.
– Det er bra at alle jentene i klassen min kan litt teiknspråk, seier ho.
På skulen har Rine teiknspråkslæraren Victoria til å hjelpe seg med å snakke med andre som ikkje kan teiknspråk. Ein ting som kan vere vanskeleg med å snakke teiknspråk, er nemleg å møte ein person som ikkje kan noko teiknspråk i det heile.
– Men då kan eg skrive til dei, fortel Rine.
Sidan Rine er døv, høyrer ho ingenting. Av og til kan det vere vanskeleg, som i storefri når læraren blæs i fløyta. Det er umogleg for ho å høyre det.
– Så då ser eg nøye på læraren slik at eg kan sjå at han blæs i fløyta.
Drøymer om å bli lærar og dyrlege
Yndlingsfaga til Rine er matematikk og norsk.
– Og samfunnsfag! Eg liker eigentleg alle faga! Men ikkje KRLE. Det er kjedeleg fordi det er så mykje prating.
Når Rine blir stor, drøymer ho om å bli lærar og dyrlege.
– Eg er vakse opp på gard, og vi har mange dyr som katt og sau. Eg trur derfor det er gøy å vere dyrlege.