Maisie Sly (6) vann ein Oscar

SJÅ VIDEO: I natt vart det klart at filmen "The Silent Child" vann ein Oscar for "beste kortfilm"!

Kva er ein Oscar?
  • Ein pris som vert delt ut kvart år i Hollywood av det amerikanske filmakademiet Academy of Motion Picture Arts and Sciences.
  • Fyrste gong prisen vart delt ut var i 1929.
  • Oscar er kallenamnet på sjølve statuetten dei som vinn får. Ein 34,4 cm høg figur av forgylt metall som skal sjå ut som ein mann som står på ein filmrull og held eit sverd føre seg.
LES FAKTALUKK FAKTA

Maisie Sly speler rollen som ei døv jente i filmen. Jenta heiter Libby og er fire år. Ho må klare seg i ei stille verd, heilt til ein omsorgsfull sosialarbeidar lærer ho å snakke teiknspråk.

Maisie, som spelar den vesle jenta, er også døv. Det er mor og far hennar også, så dei nyttar alle teiknspråk i kvardagen.

– Ekstra stas var det at takketalen vart heldt på teiknspråk. Der blei det også nemnt at å vera døv er ei skjult funksjonshemjing som er vanskeleg å sjå. Difor er det viktig at alle barn får tilgang til å lære seg teiknspråk, skriv Norges Døveforbunds Ungdom på Facebook.

Her er traileren til filmen:

 

Coco vann ein Oscar for beste animasjon!

Her kan du sjå traileren: