Ei gruppe forskarane undersøkte 600 britiske hagar, skriv The Guardian. I hagane med langt, uklipt gras, var det mange fleire sommarfuglar enn på strigla plenar.
– Denne studien viser, for første gong, at å la ein del av plenen vakse høgt, vil gjere hagen din meir attraktiv for sommarfuglar, seier Dr Richard Fox, som var med på studien.
Det lange graset gav ikkje berre meir mat til sommarfuglane, då dei kunne ete nektar frå villblomar. Forskarane meiner også at sommarfuglar formeirar seg i viltveksande plenar.
For å gjere plenen til eit godt leveområde for sommarfugllarvar må det lange graset stå uklipt fram til september eller oktober. Nokon sommarfuglar treng langt gras heile året.