Det betyr at det er forbode å tenna opp bål og grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Det er framleis lov å gjere opp bål under sikre forhold. Her er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sine tips til trygg bålbrenning:
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
- Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
- Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må vera i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
- Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
- Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkkja ved behov.
- Ha eigna sløkkjemidlar lett tilgjengeleg.
- Det er forbode å brenna plast, bygningsmateriale og anna søppel.
- Når du forlèt bålplassen skal bålet vera heilt sløkt.
Så langt i år har det vore over 100 brannar i Noreg, ifølge tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, ifølgje NRK.