Dette er reglane for bål i skog og utmark

Frå 15. april til 15. september er det bålforbod med open eld i skog og utmark, med unntak av godkjente bålplassar.

– Bålreglene opnar for bruk av skjønn. Du kan tenne opp bål i tilfelle der det ikkje openbert kan medføre brannfare. Det kan til dømes vere etter mykje nedbør, eller på sand, i god avstand frå vegetasjon, fortel Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Mange kommunar òg har eigne tilrettelagde grill- og bålplasser som er godkjent til bruk heile året, sjølv under bålforbudet.

Ha alltid ein vaksen med deg

Er du ute i skogen skal du alltid ha ein vaksen som kan vere ansvarleg når du tenner bål.

Bålreglar

1. Unngå bruk av eingongsgrill

Eingongsgriller er eit stort forsøplingsproblem og kan òg gjere skade på svaberg, gras og annan vegetasjon. Kjøp heller ein berbar fleirbruksgrill og set han på eit trygt underlag som til dømes sand. Du kan òg oppsøke godkjente grill- eller bålplassar. Mange kommunar har sett opp offentlege grillar som alle kan nytte seg av.

2. Unngå bruk av eingongsprodukt

Ta med tallerkenar, bestikk, koppar m.m. heimanfrå i staden for å kjøpe eingongsprodukt. Forsøk òg å avgrense bruken av tennveske og opptenningsbrikettar.

3. Respekter forbodet mot open eld i skog og mark

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og utmark med unntak av godkjente bålplassar. Det er likevel tillate å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

4. Unngå å gjere skade på friske tre

Viss du skal grille på bål, kan du bruke tørre kvistar du finn i skogen, men unngå å gjere skade på friske tre. Husk òg at verneområde og nasjonalparkar har eigne avgjerder knytt til sanking av ved, bruk av etablerte bålplasser, forbod mot open eld m.m.

5. La grillen bli heilt avkjølt etter bruk

Ver heilt sikker på at grillen er kald før han blir pakka ned. Ha med ei stor flaske vatn til slokking av grillen. Eingongsgrillar må vere heilt kalde før dei blir kasta i ein avfallsdunk eller takast med heim.

6. Ta med alt avfall heim

Ta alltid med alt avfall og alle matrestar heim. Dette kan skade både dyr og miljø – og forsøpling er lite hyggeleg for dei som kjem etter. Plukk gjerne òg opp andre sitt avfall som er komme på avvege.