Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken, melder Sveriges Radio. Den splitter nye operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.
Nasjonaloperaen i Wales har allereie starta innspelinga av musikken som skal sleppast i 2025, skriv NRK.
3 fakta om Ringenes Herre:
- Då traileren til den første filmen vart sleppt på nettet 7. april 2001, vart han lasta ned 1,6 millionar gonger dei første 24 timane.
- Krigsropet til orkane som du høyrer under slaget ved Helm’s Deep vart spela inn på ein cricketmatch med 25 000 publikummarar til stades. Regissør Peter Jackson instruerte dei personleg.
- Viggo Mortensen vart så glad i hesten til sin rollefigur Aragorn at han kjøpte han og tok han med seg heim til Idaho.
(Kjelde: Aftenposten)