Dette er det fjerde vulkanutbrottet på Reykjaneshalvøya sidan desember.
– Det noverande utbrottet er det kraftigaste så langt, seier geofysikar Magnús Tumi Guðmundsson til den islandske nyheitskanalen RUV, ifølge TV2.
Utbrottet begynte laurdag kveld. Folk i byen Grindvik og 700 turistar som bada i Den blå lagune blei evakuerte.
Ut frå krateret til vulkanen kom det to lavastraumar.
På søndag roa vulkanutbrottet seg.