Den indiske retten «butter chicken» er ein av dei mest kjente matrettane frå India. Men kven står bak den originale oppskrifta? Det meiner to restaurantar i Delhi i India at dei gjer. No skal ein domstol avgjere kven av dei som har rett, skriv The Guardian.
Gujral-familien meiner at det bestefar Kundan Lal Gujral som fann opp retten på 1930-talet, og tok den med seg til restauranten deira Moti Mahal. Men restauranten Daryaganj seier at deira slektning, Kundan Lal Jaggi, jobba med Gujral og at oppskrifta blei funne opp i 1947.
Det neste rettsmøte om kven som er oppfinnaren av «butter chicken», er i mai.