Sikkerheitstest skal redde piggsvin frå grasklipparar

Forskarar har utvikla ein test for robotgrasklipparar.

Mange piggsvin blir skada av robotgrasklipparar. Forskarar har no laga ein test som dei håper alle robotgrasklipparar må gjennom før dei kan seljast i Europa. Det skriv forskning.no. Målet er at grasklipparen klarer å oppdage piggsvinet på avstand og endre retning.

Reagerer på tre måtar

Då forskarane utvikla testen, undersøkte dei korleis 50 piggsvin reagerte på robotgrasklipparar. Anten sprang dei vekk frå grasklipparen, eller dei blei ståande heilt stille framfor han, eller dei snuste på grasklipparen og var nygsjerrig. Dei yngste piggsvina var dei modigaste.