Anbefaler dyrare brus og gratis frukt til barn og unge

Eit ekspertutval anbefaler i ein ny rapport at barn og unge får gratis frukt for å fremje eit sunt kosthald.

Rapporten «Effektive kosthaldstiltak» blei gitt til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) fredag førre veke, skriv Utdanningsnytt.

Ekspertane som laga rapporten har fått i oppdrag å gi anbefalingar til regjeringa om korleis staten kan gjere kosthaldet i Noreg betre.

I rapporten skriv ekspertane at dei anbefaler staten å innføre fem tiltak.

Tiltaka er:

  1. gratis frukt og grønt til barn og unge
  2. avgift på sukkerhaldig drikke
  3. forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge
  4. obligatorisk matmerking
  5. reformulering og porsjonsstorleikar

 

Ekspertane foreslår også å innføre ei aldersgrense på 18 år for å kjøpe energidrikkar.