Ikkje alle barn har sendt brev eller postkort

Mange som kjem hit har ikkje sett eit frimerke før, fortel Charlotte Tvedte. Ho er formidlingsleiar ved Sunnhordland museum.

Historiske fakta om Posten

1647: Det kongelege norske Postverket blir oppretta.

1719: Staten tek over ansvaret for Postverket.

1827: Postverket skaffar dampskipa «Constitutionen» og «Prinds Carl» for å gjera postgangen langs kysten og til utlandet enklare.

1854: Den første jernbanestrekningen i Noreg opnar, og blir ein viktig del av posttransporten.

1855: Det første norske frimerket blir utgjeve.

1872: Postkortet blir lansert i Noreg.

1908: Postverket importerer to bilar for å gjera postdistribusjonen i distrikta betre.

1920: Den første offisielle flyruta opnar, og Posten er om bord.

1952: Ein ny postkasselov seier at alle norske hus skal ha ein postkasse.

2001: Første Post i Butikk opnar. 

2011: Postens digitale postkasse, Digipost, blir lansert.

2018: Det blir mellom anna mogleg å senda post frå eigen postkasse, og bruka digitalt frimerke.

2023: Posten Noreg AS endrar namn til Posten Bring AS.

Kjelde: Postenbring.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Når folk skulle kommunisera i gamle dagar, brukte dei postkort og brev. Verken internett eller sms var oppfunne, så det tok gjerne mange dagar før ein beskjed kom fram.

Beskjeden vart skriven på eit brevpapir, putta i ein konvolutt, og så skreiv ein på adressa og limte på eit frimerke. Så måtte ein ta med seg brevet på postkontoret eller levera det i ein av mange store raude postkassar som var plassert rundt i bygd og by.

Måtte ha frimerke

Frimerket var betalinga for at Posten henta og leverte brevet eller postkortet. Ein gong om dagen kom postmannen for å tømma postkassen.

– Den gongen var handskrift veldig viktig. Folk skreiv fint, ofte lykkjeskrift, og det var viktig at skrifta var tydeleg slik at den som tok imot brevet forstod kva som var skrive, fortel Charlotte.