– Gøy å laga postkort

På museet fekk Thea (9), Tiril (9) og Emma (8) laga sine eigne postkort. Dei fekk også høyra litt av den spennande historia om Posten.

Visste du at?
  • Når folk skulle kommunisera i gamle dagar, brukte dei postkort og brev. Beskjeden vart skriven på eit brevpapir, putta i ein konvolutt, og så skreiv ein på adressa og limte på eit frimerke. Så måtte ein ta med seg brevet på postkontoret eller levera det i ein av mange store raude postkassar som var plassert rundt i bygd og by.
  • Frimerket var betalinga for at Posten henta og leverte brevet eller postkortet. Ein gong om dagen kom postmannen for å tømma postkassen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Thea Loraien Engelsen laga kort til vennen til bestefaren hennar. 

– Han ramla av sykkelen, slo seg kjempehardt og måtte på sjukehuset i Bergen. Derfor skal han få eit god betring-kort. Eg har ikkje sendt kort før, men farfar som bur i Sverige har sendt kort til meg. Då har eg sendt sms tilbake, men no kjem eg kanskje til å svara han med eit kort neste gong. Det er kjekt å få kort!, seier Thea.

KORT: 4. trinn ved Hystad skule brukte mange flotte stempel på korta dei laga under museumsbesøket. Foto: Janne Nerheim

Kort tek tid

Tiril Breivik Røssbø (9) laga kort til både mamma og pappa. 

– Sidan mamma og pappa er skilt fekk eg laga to kort. Eg har skrive både kort og brev tidlegare, og eg likar å teikna på dei og laga dei fine. Eg sender kort til både vener og familie. Det tek lengre tid før dei får korta, men det er kjekt likevel, fortel ho.

Emma Kolltveit Eikefet synest det er rart å tenkja på at folk berre skreiv kort og brev før i tida. 

– Det var spennande å høyra om det på museet! Eg har aldri sendt postkort i posten, men fjor la eg eit brev i postkassen til pappa då eg var hos mamma. Mine foreldre er også skilt, så det var kjekt å gje han eit brev då eg gjekk forbi huset hans. I dag har eg laga brev til vennen min Nora, fortel ho.