Nye, store sprekker i vegar og naturen viser nokre av kreftene som herjar under jordoverflata sørvest på Island.
Berre på nokre dagar har det vore over tusen jordskjelv her.
I fleire dagar har forskarar og innbyggarar venta på eit vulkanutbrot på halvøya Reykjanes. Her ligg mellom anna flyplassen Keflavik og dei varme kjeldene kjent som Den blå lagunen – i tillegg til tettstaden Grindavik.
Søndag fekk nokre av innbyggarane koma heim til husa sine og henta det aller viktigaste. Dei fekk berre nokre få minuttar på seg, på grunn av faren for vulkanutbrot.
Rikspolitiet på Island skal no starta å bygga ein mur rundt eit kraftverk for å verna det i tilfelle det vil strøyma lava mot dette.
LES OGSÅ: Grilla pølser og marshmallows over lavaen på Island