Kass og Tycho-serien
- Kass og Tycho-serien er ein spenningsserie for barn skrive av Christopher Pahle.
- Serien følgjer tvillingane Kass og Tycho på farlege oppdrag gjennom universet.
- Den fjerde boka og siste boka, Herskeren av underverset, kom i 2023.
– Eg hadde høyrt at universet var uendeleg, og det skremte vatnet av meg, forklarar Christopher Pahle (41).
Han er science fiction-forfattar og har vore interessert i verdsrommet sidan han var rundt 6 år gamal. Denne interessa arva han frå faren sin, saman med ein stjernekikkert.
Halleys komet
Noko av det aller første han kan hugse er at då han var 4 år gamal og Halleys komet passerte Jorda.
– Halleys komet brukar 76 år på ein runde rundt solsystemet, og kjem tilbake igjen til våre trakter i 2062. Då vil eg vera 80 år gamal. Det er ganske rart å tenka på, og verdsrommet er veldig flink til å sette sånt i perspektiv, tykkjer Christopher.
Vanskeleg å forstå
Forfattaren har skrive bokserien om tvillingane Kass og Tycho, som ramlar over eit romskip som tek dei mange hunde lysår ut i verdsrommet. I fire bøker kjempar borna mot krefter som trugar galaksen vår.
Han har lært mykje av verdsrommet av å lesa og skriva om det.
– Jo meir eg lærer, jo meir skjønar eg kor lite eg veit. Så det viktigaste eg har lært er kanskje kor lite me eigentleg forstår om korleis universet fungerer, forklarar Christopher.