Amazonas er herja av tørke og hete. Vasstanden ved Manaus vart tysdag målt til sitt lågaste nivå på 121 år. I Tefe-sjøen steig temperaturen førre veke til 39,1 grad i vatnet. Den vanlege maksimumstemperaturen er på 32 grader, skriv NRK.
Det er 130 amazonasdelfiner og 23 tucuxi-delfinar som er døde. Kriseteamet har også funne mange døde fisk i sjøen, melder AFP.