Kiel-instituttet, som er arbeidsgivaren til Gianluca Grimalda, seier klimaforskaren må fly heim og møte opp på kontoret snarast. Elles kan han mista jobben, skriv NRK.
Gav eit løfte
Men klimaforskaren gav eit løfte til lokalbefolkninga i Papua Ny-Guinea om at han vil minimera CO₂-utsleppa sine på reisa tilbake til Europa for å ikkje bidra til klimakrisa dei står overfor.
Det løftet har han tenkt å halda. Derfor vil han reisa den 22 000 kilometer lange turen heim heilt utan å reisa med fly. Han skal reisa med lasteskip, ferjer, tog og bussar. På den måten vil reisa ta omlag to månadar.
Det vil spara atmosfæren for 3,6 tonn karbonutslepp, anslår Grimalda.
Det var The Guardian som fyrst omtala saka.