– Eg syns også det er fint å vise at det finst mange måtar å vere menneske på, kven ein blir forelska i og at ein kan godt ta litt plass her i livet og ha store draumar og pågangsmot.
Det skriv Heidi Marie Vestrheim i ein e-post til Framtida.no.
46-åringen frå Øystese er frilansmusikar, programleiar i barne-tv og debuterte i år som barnebokforfattar.
Mindre skam, meir lidenskap
Jenny Fender handlar om ei ung jente som er åleine heime i bygda medan venninna er på ferie. Sommaren ser mørk ut, men så kjem det ein spanande nabo med rockesveis og trommesett i kjellaren.
Med boka vil forfattaren vise kjærleiken og lidenskapen til musikken, kor fint vennskap er, kor fint det er å spele i band, men også så skjørt det kan vere.
– Og midt i det kan ein til og med vere ganske kjip med venen sin utan at det betyr at livet er over og ein berre kan gå å legge seg. Og skamme seg. Ja til mindre skam og meir lidenskap!
- Les også: Bøker om framtida
Elskar Tonje Glimmerdal
Heidi Marie Vestrheim meiner ei god bok er ei der ein blir engasjert og glad i hovudpersonen, heier på hen og alt det hen går gjennom, pønskar på, vil oppnå eller prøver å unngå.
– Eg likar at det er tempo og humor, overraskingar og godt munnleg språk. Også er det godt å lese historier som gjer at du gløymer din eigen for ei stund. At alt du vil er å søkke inn i den verda du har mellom dei to permane i hendene dine. Det er magisk.
– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
– Tonje Glimmerdal. Den syns eg er både kompleks og lett og morosam og rørande og alt det fine på ein gang.
Jenny Fender på film
– Om Jenny Fender vart filmatisert – kven skulle du sett spelte hovudrolla?
– Å, skitt det var vanskeleg spørsmål! Kanskje den 12 år gamle versjonen av ei breibeint Juliette Lewis eller Kristin Stewart med digert glis!