Bøker om framtida

Bøker om framtida handlar ofte om å redda verda frå undergangen.

Bøker om framtida er ofte pessimistiske visjonar om kva som kan skje med samfunnet. «Cassias valg» av Allly Condie og «Dødslekene» av Suzanne Collins er kjende døme på det.

Eit anna blikk på framtida er bøker som snakkar om kampane me må kjempa mot naturen for å redda planeten vår, anten det er ein asteroide som vil treffa jorda eller det gjeld global oppvarming. Du kan lesa om det i til dømes «Universalkraft» av Rolf-Henrik Sundbye eller «Den siste krigen» av Tor Arve Røssland.

Andre ser på framtida som køyrt over av robotar som skaper kaos og trugar menneske, eller som ei fullstendig datastyrt verd der me gjer alt på nettet, og tankane våre blir styrte av ei datamaskin. Teikneserien «Forsvunnet på jorden» av Nicolai Houm og «Specials» av Scott Westerfeld er døme på det.

Ein annan framtidsvisjon kan vera at me må flytta til ein annan planet, til dømes til Mars, som i boka «Marsepolis» av Tore Aurstad, eller leita etter ein annan stad i verdsrommet.

«Universalkraft» Rolf-Henrik Sundbye
> 14 år

Tre unge menneske frå ulike delar av verda står overfor utfordringa med å redda planeten frå ein asteroide. Dei har 733 dagar på seg. Vil dei lykkast? Les det sjølv!

 

«Uglesong» , Iva Procházková
> 14 år
Året er 2049, folk lever kvar for seg, kjenslene og tankane deira blir behandla av ei datamaskin. Kva skjer når ei slik datafil fell i feil hender? Du kan lesa om det i boka.


«Cassias valg», Ally Condie
> 13 år
Ei ung jente lever i ei verd der samfunnet vel kva du kjenner, kva du gjer, kvar og når. Men det er vanskeleg å kontrollera kjenslene, det viser seg at alt kan endrast viss du vil ta dine eigne val…


«Specials», Scott Westerfeld
> 11 år
Kan du bli ein robot? Kva om det programmerte systemet feilar og me framleis kjenner kva hjartet vårt vil? Tally har bestemt seg for å gjera opprør og må kjempa med seg sjølv for å gjera ei større endring.


«Dødslekene», Suzanne Collins
> 13 år
Historia går føre seg i eit land grunnlagt på ruinane av det tidlegare Nord-Amerika. Den nye staten er resultatet av mange katastrofar, både naturlege og kunstige, som ramma dei førre menneskja. Det er eit regime der, folk lid av svolt og elende. Dei rikaste som styrer landet har funne opp eit spel som enda med døden for deira moro skuld. Hovudpersonen melder seg for å redda søstera, og må no kjempa for å overleva.


«Forsvunnet på jorden», Nicolai Houm
> 7 år
Ein teikneserie om å leva i ei verd der jorda er veldig forureina og overkøyrd av vonde robotar til ho er ubueleg. Folk bur på luftskip på jakt etter ei trygg hamn, men dei må fylla på forsyningar ein stad. Fare lurer overalt. Korleis går lagnaden deira?


«Marsepolis», Tore Aurstad
> 9år
Korleis vil livet på Mars vera blant romfart og lurande farar? Vil mektige menneske starta ein krig på ein annan planet?


«Den siste krigen», Tor Arve Røssland
> 9 år
Korleis få slutt på global oppvarming? I boka skrive av Tor Arve Røssland kan vi lesa om eit forsøk som viser seg å mislykkast. Som eit resultat av aktivitetar til fordel for planeten blir utløyst ei istid. Vil menneskja døy ut? Vil krigen starta? Kan jorda reddast?