BBC skriv at elefanten kom heim til Thailand førre veke. Då hadde han vore i Sri Lanka sidan 2001.
I 2001 gav den thailandske kongefamilien Muthu Raja og to andre elefantar til regjeringa i Sri Lanka. Begge landa ser på elefantar som heilage dyr.
Muthu Raja vart plassert i eit tempel sør i landet. Dyreaktivistar meiner ifølge BBC at elefanten vart brukt til å samla ved, og at han fekk ein skade av arbeidet.
Då den thailandske ambassadøren besøkte tempelet i fjor, meinte han at elefanten ikkje hadde det bra. Gruppa Rally for Animal Rights and Environment (RARE) har arbeidd for at elefanten skulle komme heim til Thailand.
Førre søndag fekk den 4000 kilo tunge elefanten ei flyreise heim. Sri Lanka sin statsminister sa han bad kongen av Thailand om unnskyldning for korleis elefanten blei behandla i tempelet.