Feirar thailandsk nyttår med vasskrig

13.-16. april blir Songkran feira i Thailand. Dette er ei nyttårsfeiring som blir markert med store gatefestar der born og vaksne dynkar kvarandre i vatn.

Thailand

Hovudstad: Bangkok

Innbyggjartal: 71,7 millionar

Språk: thai

Nasjonaldyr: elefant

Største religion: buddhisme

Bilde: Pixabay

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Songkran betyr «å bevege seg» på thai – det offisielle språket i Thailand. Høgtida, som årleg blir feira over fleire dagar i april, markerer ein ny start.

Den viktigaste tradisjonen under høgtida er å sprute vatn på kvarandre med bøtter, vasspistolar og slangar. Vatnet symboliserer at ein vaskar bort det gamle året og startar på eit nytt.

Songkran er også ei stor høgtid i dei asiatiske landa Laos og Kambodsja og blant mindre menneskegrupper i Kina.

HONG KONG: Songkran blir også feira av ein del menneske i Kina. Her ser vi at folk dynkar kvarandre i vatn i Hong Kong. Foto: Louise Delmotte / AP Photo / NTB

Religion

I tillegg til «vasskrig» blir Songkran markert med å vere saman med familien sin, gi gåver og besøke tempel. Eit tempel er ei religiøs bygning som menneske besøker for å kome i kontakt med ein eller fleire gudar.

Opphavleg er nemleg Songkran ei religiøs nyttårsfeiring innan buddhismen.

Sjølv om folk i Thailand feirer nyttår under den store folkefesten i april, blir det nye året offisielt rekna frå 1. januar, slik som i Noreg.