Gratulerer med dagen, Noreg!

Velkommen til 7.klasse sin 17.mai-tale. 17.mai for oss er familie, vener, rømmegraut, bunad, gå i tog, spela i korps, eta kake, vifte med flagg, høyra Kjell synga på fjellet og ikkje minst is. Vi har høyrt at alle 17.mai-talar må innehalda ordet is. 

Når ein som ung fortel om sin 17.mai, er det noko som går igjen hos alle – å samlast. Å vera saman og gå i tog, å vere saman i Grendahuset og vera saman med familie og vener. Vi treng kvarandre både i kvardagen og på store dagar som i dag.

For cirka 200 år sidan i 1814 blei grunnlova skriven. Ehm.. 209 år sidan. Det var 112 menn frå heile landet som samla seg. Dei diskuterte og skreiv ned lover som skulle gjelde til “Dovre faller”. Arbeidet som dei 112 menna starta i 1814 la grunnlaget for at Noreg er eit trygt og godt land å bu i. Grunnlova har blitt endra fleire gonger etter 1814, og den har blitt endra til det betre.

Første Barnetoget kom i 1869 då skulestyrer Peter Qvam får ideen til det første barnetoget. Sammen med sin venn, diktaren Bjørnstjerne Bjørnson, argumenterer han ivrig for å arrangera barnetog for å feire nasjonaldagen. Vi er glad for at 17.mai blei barnas dag, der vi får gå i tog, leike, eta is og kosa oss saman.

Det norske flagget, også kjent som “Norges flagg” eller “Nordmannsflagget”, består av tre fargar: raudt, kvitt og blått. Fargane representerer ulike symbol og betydningar:

Raudt symboliserer mot og styrke, og representerer også Norges historiske fortid.

Kvitt symboliserer ærlegdom, renhet og uskyld, og representerer også Noregs snødekte landskap og isbrear.

Blått symboliserer lojalitet, trofastheit og fridom, og representerer også havet og kysten som har vært så viktig for Noregs historie og økonomi. Til saman dannar fargene eit sterkt og unikt symbol for Noreg og det norske folk, og flagget er ein viktig del av norsk identitet og kultur.

Norske folk er villig til å kjempa hardt for det som er rett, då alle har ein krigar i seg. Dette er det raude i flagget vårt. Når vi gjer det, er det med ærlegheit, reinheit og uskuld som dei snødekte toppane og isbreeane i det langstrakte land akkurat som det kvite i flagget viser. Vi er og eit lojalt, trufast folkeslag, som kjempar for fridom, nasjonalt og internasjonalt. Dette finn vi i det blå i flagget, som og viser til at Noreg har nytta kysten som handelsveg.

Fordi det er barnas dag, vil vi snakka om korleis det er å vera ung i Solund. Solund er verdas finaste plass, slik skildrar vi det når vi får oppgåve på skulen om å skriva om Solund. Du kjem i nærkontakt med fjell og sjø. Vi er omringa av flott natur. Den følelsen når du sitt på brygga og må ete is før den smelta. Eller når du berre må ta eit bilete av kor fint det er ute. I Solund føla vi unge oss trygge. Vi er nære kvarandre.

Vi unge har mange fritidstilbod. I år har vi fått varmestova som gjer at vi kan møtast og henge saman på fritida. Det er mykje å fylla dagane med, for eksempel, tilboda til idrettslaget, kulturskulen, korpset,  for å nemna noko. Vi er heldige som har eit samfunn som gjev så mange gode tilbod til oss, sjølv om vi er ein liten kommune.

Vi har mange folk i fra mange forskjellige land i Solund. Å vokse opp med fleire nasjonalitetar rundt seg kan gi ein mulegheit til å oppleva ulike kulturer, tradisjonar, mat, musikk, og kunst. I Solund prøver vi å inkludera alle, sånn at alle føler seg like mykje verdt, og vi håper at dei som kjem hit føler seg inkludert og akseptert. Ein koseleg ting med å bu på denne plassen er at nesten alle kjenner alle, sjølv at det betyr at foreldrene kan snakka med nokon på butikken i ein evigheit.

Det er viktig og ha mange forskjellige nasjonalitetar rundt seg. Å leva i eit fleirkulturellt miljø kan øke forståinga for andres perspektiv, verdiar og utfordringar. Detta kan bidra til å utvikla empati og toleranse for ulikskapar. Her i Solund har vi vakse opp med mange forskjellige nasjonaliteter rundt oss, og det er viktig fordi då er vi førebudd på og komaut i store byar der ein møter på eit endå større mangfald.

Å vera ung i verda klara ein ikkje aleine. Vi vil takka alle foreldra våre som har hjelpt oss med og arrangera ein flott 17. mai. Spesielt 17.mai-komiteen i 6. og 7.klasse. Vi er heldig at vi har dykk, vi er veldig takknemlege. Utan innsatsen og tida til foreldra våre hadde ikkje 17.mai vore ein så bra dag som det er no. Tusen takk. Lærarane har hjept oss litt med denne teksten, vi vil takka dei også.

Vi vil takka foreldre og føresette og andre vaksne for alt de har gjort for oss. De har vore ein konstant støtte gjennom hele livet til oss, og vi er evig takknemleg for alt de har lært oss og for alle fine opplevingane vi har hatt saman. Vi er så glad i å sjå smilet dykkar!

Som vi feirar 17. mai i dag, vil vi spesielt takke dykk for å ha lært oss verdien av fridom, og kvifor skule og å læra er viktig. De har alltid oppmuntra oss til å forfølga våre draumar og til å vera stolt av kva vi står for og kven vi er.

Til slutt vil vi seia:

Gratulerer med dagen Noreg. Gratulerer med dagen til dei som sit heime eller feirar andre plassar. Gratulerer med dagen til born, ungdommar og vaksne. Gratulerer med dagen til alle som har kome for å sjå talen vår.

GRATULERER MED DAGEN!