Drikkene har på kort tid vorte populære blant barn og unge i Noreg. Fleire av produkta har eit høgare innhald av koffein enn det som er lov, og eit høgare innhald av vitamin A enn det som er tilrådd, skriv Mattilsynet.
– Me er difor særleg uroa over at produkta blir marknadsførte aggressivt mot barn og unge. Produkta blir blant anna selde i nettbutikkar, daglegvarehandel og til og med i leiketøysbutikkar, uttaler seksjonssjef Are Sletta i Mattilsynets seksjon for kjemisk mattryggleik.