– Leksikon er ei motvekt til falske nyhende

Me lever i ei verd med meir og meir falske nyhende. – Leksikon er ekstra bra når du ikkje kan vita kva du kan stola på, seier Veronica Danielsen.

Veronica, også kjent som ViteVero, er med på å laga ein barneversjon av Store norske leksikon.

– Mange artiklar i Store norske leksikon er lange med ein del vanskelege ord. No lagar me eit barneleksikon med kortare artiklar og enklare språk.

I eit leksikon kan ein få presis og kort informasjon om eit tema, og det er ikkje kven som helst som får lov å skriva i eit leksikon.

– I for eksempel Wikipedia er det ikkje ein redaktør som sit og passar på. Artiklar blir jo retta der også, men det er ingen garanti for at det ikkje ligg ute feil informasjon. I eit leksikon er det både ein ansvarleg redaktør, men også mange fagansvarlege som passar på at det som står der er rett, fortel Veronica.

Fleire kjelder

Leksikon skal vera ei trygg kjelde.

– For å sjekka om ein artikkel du les er sann, er det viktig å sjekka fleire kjelder. Lille norske leksikon kan vera ei av kjeldene du brukar for å finna ut kva du lurer på, seier ho.

Det gjeld spesielt nyhende og fakta du får gjennom sosiale medium.

– I sosiale medium som TikTok og Snapchat er det ingen kontroll, ingen redaktør. Då blir det endå viktigare at du brukar leksikon for å sjekka kva som er sant. Ver kritisk, seier Veronica.

 

  • Les meir: – Me sjekkar fleire kjelder