Det kjem fram i ein rapport for befolkningsfondet til FN. Folketalet i India vil ein gong i løpet av sommarferien passera 1,4286 milliardar, medan Kina vil ha 1,4257 milliardar.
Folketalet i Kina gjekk i fjor ned for første gong på 60 år. India har i dag ingen offisielle tal på kor mange menneske som bur i landet. Sist gong det var folketeljing i landet var i 2011.
Ingen veit nøyaktig kor mange menneske det bur i verda, men FN reknar med folketalet passerte åtte milliardar i november 2022.