Den kjende nettstaden Transfermarkt har nyleg har vurdert prisen på dei største norske fotballspelarane, ifølgje NTB.
På toppen tronar Erling Braut Haaland på Manchester City med ein verdi på 1944 millionar kroner. Berre Kylian Mbappé er dyrare enn Haaland, og den einaste som akkurat bikka 2 milliardar.
Martin Ødegaard på Arsenal er no verd 914 millionar kroner. Det er ei dobling sidan mars 2021.
Sander Berge på Sheffield United blir verdsett til 205 millionar kroner. Klubben til 25-åringen gjer det bra i Championship, men ligg an til å rykka opp til toppdivisjonen i England.