Forbrukartilsynet har bedt om at den ulovlege marknadsføringa knytt til Oskar Westerlins sjokoladebollar blir stansa så snart som mogleg. Det skriv Forbrukartilsynet i ei pressemelding fredag morgon.
Forbrukartilsynet meiner at produktet blir ulovleg marknadsført mot barn fordi marknadsføringa inneheld direkte oppmodingar om å kjøpe bollane.
– Dette er forbode, skriv Forbrukartilsynet.
Influensar Oskar Westerlins bolle har gått viralt i sosiale medium, spesielt blant unge.
– Me tek dette på alvor, og tek til oss kritikken. Me har allereie gjort endringar i marknadsføringa av produktet, skriv Westerlins manager, Vilde Darvik til Godt.no.
Manageren seier at marknadsføringa av bollane no skal gå føre seg i kanalar der dei veit meir om alderen til brukarane.
– Ikkje fritt fram
Forbrukartilsynet meiner å ha sett ein auke av ulovleg marknadsføring som rettar seg mot barn og unge via sosiale medium. Spesielt på TikTok.
– Det er ikkje fritt fram når marknadsføring kan sjåast eller høyrast av barn. Reklamen aukar på sosiale medium, mellom anna på TikTok, som i hovudsak blir nytta av barn og unge, seier direktør i Forbrukartilsynet Trond Rønningen i pressemeldinga.