FAKTA: Amazonasregnskogen
- Amazonasregnskogen er den største regnskogen i verda og ligg i Sør-Amerika.
- Området er på 5,5 millionar km². Ifølgje World Wildlife Fund er halvparten av jordas regnskog å finna i Amazonas.
- Skogen dekkjer område i ni ulike land (Brasil (60 %), Colombia (10 %) og mindre andelar i Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Guyana, Fransk Guyana og Surinam)
- Amazonas har eit stort artsmangfald. Berre i brasiliansk Amazonas finst ein seksdel av den registrerte plante- til heile kloden, fiske-, fugle- og dyreartar.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
Trass i klimaløfte frå den nye presidenten i Brasil, forsvinn meir og meir skog på satellittbileta frå romfartsorganisasjonen INPE. Bileta viser at 356 kvadratkilometer av regnskogen i Amazonas vart øydelagd i mars. Det er ein auke på 14 prosent frå mars 2022, då klimaskeptikaren Jair Bolsonaro var president i landet, skriv NRK.
Etter valsigeren i Brasil lova president Luiz Inácio Lula da Silva å stansa øydelegginga av regnskogen fullstendig, men det ser ikke ut til presidenten har tenkt å halda løftet han har gitt.
Det var NTB som fyrst omtala saka.