7 romantiske verdsrekordar

Kven har kyssa lengst under vatn? Og kven har laga verdas største boks med sjokolade? Dette er dei mest romantiske rekordane frå Guiness World Records

VERDSREKORD 1. Flest gongar delteke i meisterskap der mannen bærer kona:

Taisto Miettinen og Kristiina Haapanen frå Finland har vunne seks offisielle konkurranser der menn kastar kona over skuldrene og sprintar av garde i ein springekonkurranse.

VERDSREKORD 2. Lengste kyss under vatn: VIKTIG: IKKJE PRØV DETTE HEIME. DET KREV LANG TRENING OM EIN SKAL HALDE PUSTEN UNDER VATN.

Det italienske paret Michele Fucarino og Elisa Lazzarini kyssa i heile 3 minutt og 24 sekund

VERDSREKORD 3. Kortaste ektepar

Paulo Gabriel da Silva Barros og Katyucia Hoshino frå Brasil er 181,41 cm om ein slår saman høgda deira.

VERDSREKORD 4. Største boks med sjokolade

2. april 2008 skapte konfektforhandlaren Thorntons og Russell Beck Studio (begge frå Storbritannia) ein boks med sjokolade som var 5,04 meter høg. Vekta var som ein liten bil!

VERDSREKORD 5. Flest fanga brudebukettar

Jamie ‘The Bouquet Slayer’ Jackson of Draper frå Utah i USA har vore gjest i mange bryllup. Ho har faktisk delteke i meir enn hundre bryllup sidan 1996, og har fanga 50 brudebukettar.

VERDSREKORD 6. Flest kyssande par på same tid

I 2014 kyssa 13 577 par samstundes i São Paulo, Brasil.

VERDSREKORD 7. Flest par som klemmer kvarandre

5730 par – heile 11 460 menneske gav kvarandre ein god klem i Italia i år 2016.