– Viss alle sjekkar seg denne helga slik at dei med lus kan behandlast på omtrent same tidspunkt, vil det redusera talet på tilfelle av hovudlus, seier forskar Bjørn Arne Rukke i avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.
– Barn med hovudlus treng ikkje å haldast heime frå barnehage og skule, men ein bør prøva å få behandla dei så raskt som mogleg, skriv FHI.
Korleis sjekka for hovudlus?
- Grei håret med ein lusekam (blir kjøpt på apotek).
- Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
- Greia i vått hår, då det hemmar rørsla til lusa.
- Balsam kan brukast for å gjera kjemminga lettare.
- Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus tørkar, vil dei byrja å bevega seg.
- Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan ein få auge på lus som fell ned.
Her kan du sjå video av korleis ein sjekkar for lus:
Les meir: Det er klart for den store lusesjekken