Barn og unge opplever kroppspress i sosiale medium

Viss du opplever utsjånads- og kroppspress, kan det vera fordi influensarar og andre bidreg til å fremja bestemde kroppsideal.

Du har kanskje sett at bloggarar, Youtubarar, eller andre som me kallar influensarar, reklamerer for produkt på kanalen sin. Dette gjer dei for å tena pengar. Viss du hugsar på at influensarar blir betalte for å påverka deg, er det enklare å sortera kva som er gode og dårlege postar på sosiale medium, skriv Ung.no.

Det er viktig å vera klar over at nokon faktisk tener pengar på å prøva å få ungdom til å kjøpa produkt eller sjå ut på ein bestemd måte.

Dei som lagar lager produkta blir kalla annonsørar. Annonsørane betaler influensarane pengar for å reklamera for produktet eller tenesta si. Målet er at du som ser dette skal få lyst på, og bruka pengar på produktet.

Det finst nokre reglar for marknadsføring av skjønnheitsprodukt og -behandlingar, og det er særleg strenge reglar for marknadsføring overfor barn og unge.

Visste du til dømes at marknadsføringa er ulovleg viss ho:

  • er retta direkte mot mindreårige (under 18 år).
  • speler på uoppnåelege eller usunne skjønnheitsideal, dårleg sjølvtillit eller utryggleik om eige utsjåande.
  • delar rabattkodar for produkt eller behandlingar som ikkje eignar seg for mindreårige.
  • arrangerer konkurransar der premien er produkt eller behandlingar som ikkje eignar seg for mindreårige.
  • oppmodar til å spreia marknadsføringa til andre mindreårige, til dømes ved «tagging» i eit innlegg.
  • gjeld ei behandling som gir varig eller langvarig endring av utsjånaden.

Kanskje tenkjar du lite over slike ting når du les bloggar eller følgjer influensarar. Derfor meiner politikarar og andre at det er viktig å laga reglar, slik at dei ikkje skal bidra til uheldige kroppspress blant unge – utan at du kanskje er klar over det sjølv.

GIF: Giphy.com