Forbyr reklame for kosmetisk behandling retta mot born

Den danske regjeringa vil forby reklame for kosmetiske behandlingar og energidrikk i den nye marknadsføringslova.

Influencarar, eller påverkarar, si makt vert stadig diskutert. Det ligg i namnet, dei skal påverke folk. Annonsørar betalar påverkarar i dyre dommar for å marknadsføra ulike produkt, skriv Framtida.no.

Men no må både påverkarar og annonsørar tenke annleis i Danmark.

Frå 1. januar kjem det store endringar i marknadsføringslova deira, særleg retta mot påverkarar, skriv den danske kringkastaren DR.

Ueigna for born under 18 år

Det blir ulovleg å reklamere for produkt som er vurdert ueigna for barn og unge under 18 år – men berre om reklamen er retta mot den målgruppa, eller dersom ein har mange følgjarar i den gruppa.

Dette er nokre av produkta ein ikkje kan reklamere for, dersom målgruppa er under 18 år:

  • Tattoveringar og kosmetiske behandlingar, inngrep i hud og underhud
  • Hårfjerning
  • Tannbleiking
  • Energidrikke
  • Slankeprodukt
  • Solarium
  • Produkt av seksuell karakter mot betaling eller ytingar.

Om ein blir tatt for å ha brote lova kan ein få bot på minst 25.000 danske kroner (34.600 norske kroner) eller meir, avhengig av kor mykje den som blir tatt tener i året .

Ikkje så tydelege reglar i Noreg

I 2021 vedtok den norske regjeringa at retusjert reklame må merkast. I september same år innførte dei også eit fagutval for influencermarknadsføring. Målet er å sørga for å redusere utsjånad- og kroppspress blant unge på sosiale medium.

I Noreg er det elles ikkje like tydeleg reglar for marknadsføring mot barn, som lova som no trer i kraft i Danmark, sjølv om barn har eit særleg vern i marknadsføringslova. Ein skal til dømes ikkje spele på sosial usikkerheit, dårleg samvet eller dårleg sjølvtillit når ein reklamerer til barn. 

Barneombodet og Forbrukarrådet meiner at reglane om marknadsføring ikkje er tilpassa den digitale kvardagen barn og unge lever i, og sendte i haust brev til Regjeringa der dei oppmodar til å gå gjennom lovverket og gi betre vern til barn og unge.