Ei gruppe arkeologar har grave opp om lag 300 bitar av steinverktøy som stammar tilbake til 2,9 millionar år sidan, fortel BBC.
Saman med verktøya har dei funne tenner frå ein fjern slektning av menneskjearten som heiter Paranthropus. Denne rasen liknar på både menneske og apar.
Til no har forskarar trudd at det berre er menneske, som òg kallast Homo Sapiens, som har brukt denne typen verktøy. Likevel er det lite som tydar på at det er menneske som har brukt desse.
Brukt til matlaging
Mange av verktøya som er oppdaga kan ha blitt brukt til å laga mat, skriv Forskning.no. Blant anna er det blitt funne knivar til å slakta dyr og verktøy til å knusa opp planter.