Fann sfinks frå romartida i Egypt

Arkeologar ein statue som liknar på ein sfinks sør i Egypt, fortel det egyptiske departementet for kulturarv.

Dei fann òg restar av ein heilagdom i eit gammalt tempel, skriv Framtida.no.

Denne steinplata med hieroglyfar og demotisk skrift vart òg funnen på staden. Foto: Egyptian Ministry of Tourism and Antiquities via AP

Arkeologane trur statuen kan ha tilhøyrt keisaren Claudius. Dei fortel at statuen ser ut som at den smiler.

Keisar Claudius var med på å utvida Roma sitt styre til Nord-Afrika mellom år 41 og 54 etter Kristus.

Forskarane skal undersøka steinplata vidare for å sjå om dei kan finne meir informasjon om kvar statuen kjem frå.

Statuen dei fann er mykje mindre enn den kjende 20 meter høge sfinksen som ligg i pyramidekomplekset ved Giza, fortel departementet vidare.

Den nye sfinksen som er funnen i Egypt er ganske liten. Foto: Egyptian Ministry of Tourism and Antiquities via AP

Les meir: Fann 2,9 millionar år gamle reiskapar

Les også: Kvinneleg «vampyr» funnen – gravlagd med sigd rundt halsen