Måndag var det eit stort jordskjelv på grensa mellom Tyrkia og Syria. Skjelvet var 7,4-7,9 på Richter-skalaen. Hundrevis av bygningar har kollapsa, mange menneske er fanga under ruinane. Redningsmannskap leitar, men dessverre omkom mange av dei. Førebels blir det rekna at 11000 menneske har mista livet, men dette talet veks stadig.
Land over heile verda har tilbode hjelp. Nokre land, som Hellas, USA, Israel, Storbritannia, Japan, Spania, Austerrike, Sveits, Tsjekkia, Polen og Libanon sender redningsmenn, brannmenn, legar, soldatar og ingeniørar for å hjelpa til i redningsaksjonar, ifølgje The Guardian.
Den europeiske unionen og Egypt førebur seg på å gi humanitær hjelp, og andre land har tilbode økonomisk bistand. Noreg og store norske hjelpeorganisasjonar løyver 150 millionar kroner til bistand i jordskjelvramma område i Tyrkia og Syria, melder VG.
I Tyrkia, men også i andre regionar i verda, skjer det ofte jordskjelv. For å forstå kvifor, må du vita at jordskorpa dannar eit slags puslespel med mange delar: nokre få gigantiske oseaniske plater og mange små kontinentalplater. Kvar av dei bevegar seg nokre centimeter kvart år: skyv bort, gnir eller pressar mot kvarandre. Derfor bevegar kontinentet som ligg på dei, noko som resulterer i det me kjenner som eit jordskjelv. Styrken til eit slikt jordskjelv er gitt på Richter-skalaen, som varierer frå 2,0 (minst kjent) til over 9,0 (mest øydeleggjande).
I Noreg er det sjeldan merkbare jordskjelv, og veldig sjeldan meir enn 3 på Richter-skalaen. Så det er ingen grunn til å uroa seg for jordskjelv i Noreg.