89 prosent av overlevd etter 14 år, og korallar dekkjer no halvparten av sjøbotnen – mot berre 6 prosent i 2010.
Heile lokalsamfunn er med på å redda korallreva – og metoden dei brukar blir no brukt fleire andre stader, ifølgje BBC.
Korallrev på verdsarvliste
Korallreva utanfor Belize er rekna som verdsarv av FN-organisasjonen UNESCO.
I 2009 kom korallreva på ei liste av verdsarv i fare på grunn av oljeboring, øydelegging av mangroveskogar og fleire byggeprosjekt.
Etter dette har Belize stoppa all oljeboring og verna mangroveskogane, og korallreva er no fjerna frå lista over verdsarv i fare.