Tannbleikinga Prowhitening, kleskjeda Zara og reality-serien Ex on the Beach Norge er nominerte til årets Gullbarbie.
Kvart år vert prisen delt ut til ein reklame- og medieaktør som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». Bak utdelinga står Press – Redd Barna Ungdom.
– Ex on the Beach, Prowhitening og Zara er kvar for seg delar av bransjar som fører til kroppspress blant barn og unge, seier Press-leiar Isaac Elstad Røssnes.
Ifølgje grunngjevingane er Prowhitening nominerte fordi dei brukar påverkarar til å selje ei førestilling til unge om at ein må ha kvite tenner.
Kleskjeden Zara er nominert for å ikkje ha variasjon i storleiken på kleda og å vise lite mangfald i reklamane sine.
Ex on the Beach Norge er nominert for å spele for mykje på sex og kropp.
No skal unge stemme over kven dei meiner fortener prisen mest.