Ex On the Beach Norge får årets Gullbarbie

Det er fyrste gongen eit reality-program vinn den lite gjeve prisen.

Tidlegare vinnarar

2022: Brandy Melville

2021: Sophie Elise AS

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

Sjå heile lista her! 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi meiner Ex on the Beach Norge må ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta realityseriar har på barn og unge.

Isaac Elstad Røssnes er leiar i Press.no.

Det seier Isaac Elstad Røssnes, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, i ei pressemelding.

Dei deler kvart år ut Gullbarbien til ein reklame- og medieaktør. Prisen går til dei som «er best på å få ungdom til å føle seg verst».

Vinnarane skal ha brukt einsidige skjønnheitsideal, utdaterte kjønnsroller og unødvendig seksualisering.

I år var det ProwhiteningEx on the Beach Norge og Zara som var nominerte.

Det er fyrste gongen eit reality-program bli nominert og vinn.

Røssnes understrekar at dei to andre nominerte ikkje burde puste letta ut, berre fordi dei ikkje vann.

– I likskap med tidlegare år, er alle kandidatane verdige vinnarar. Gullbarbie sitt formål er primært sett å sette søkelys på korleis reklame- og mediebransjen driv kynisk og målretta marknadsføring mot barn og unge.


  • Les om vinnaren i fjor:

Brandy Melville får verstingpris for å berre ha små storleikar