Brandy Melville får verstingpris for å berre ha små storleikar

Kleskjeden får årets Gullbarbie fordi dei berre har klede i ein storleik og fordi dei diskriminerer kundar og tilsette.

Isaac Elstad Røssnes er første nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat

– Vi synest det er heilt utruleg at det går an å halde på slik som Brandy Melville gjer i 2022. At den forma for diskriminering som gjennomsyrar heile bedrifta deira framleis får lov til å halde på og selje klede som dei gjer.

Det fortel Press-nestleiar Isaac Elstad Røssnes (21) på telefon til Framtida.no.

Gullbarbie er ein pris som ungdomsorganisasjonen Press – Redd Barna Ungdom deler ut kvart år, til den som er best på å få unge til å føle seg verst.

One size og rasisme

Brandy Melville vart nominerte på bakgrunn av at dei har ein one size fits all-policy, det vil seie at dei berre sel klede i éin storleik. Press meiner dette er med på å byggje opp eit bilete av at det berre er éin type kropp som er rett.

Sjå korleis det gjekk då Press-leiar Lea Mariero skulle sjekke om det verkeleg var ein storleik som passa alle: 

I tillegg vart Brandy Melville nominerte fordi ein rapport synte at selskapet husar rasistiske og diskriminerande haldningar.

– Rapporten avdekte mellom anna at tilsette har teke felles slankekurar før toppsjefar kjem til butikkane, og at det har kome førespurnadar frå sentralt hald om å fjerne mørkhuda kundar frå butikkane, stod det i nominasjonsgrunngjevinga.

Denne typen diskriminering og marknadsføring ikkje er greitt

Press-Isaac fortel at dei har prøvd kome i kontakt med Brandy Melville for å fortelje dei at dei har vorte kåra til årets Gullbarbie, men at dei ikkje har fått svar.

Ungdomsorganisasjonen tenkjer likevel at merksemda prisen gjev i Noreg er like viktig:

 Vi er nøgde med at barn og unge ser at denne typen diskriminering og marknadsføring ikkje er greitt. One size fits all-policyen får barn og unge til å føle seg verre, og det skal ikkje vi berre late gå i Noreg. Vi er eit lite land som prøver å seie frå til ei internasjonal bedrift.

Han fortel at det er naturleg å ha lyst til å handle på Brandy Melville, i og med at butikken er veldig populær:

– Men til dei som ikkje passar inn i kleda – noko som er ein stor del av befolkninga anten dei er unge jenter eller vaksne damer: Det er ikkje din feil, seier Isaac.

– Det er måten Brandy Melville marknadsfører seg på som ikkje er god nok, ikkje din kropp. Kroppen din er rett og normal, trass i at Brandy Melville prøver å få deg til å tru at han ikkje er det, held Press-nestleiaren fram.


Kva mytar om puberteten har du høyrt? Foto: Colourbox. Illustrasjonar: Canva