Regjeringa har denne veka møtt med dei største matvarekjedene for å prate om at prisen på matvarer har blitt høgare.
Mat og drikke blitt 6,5 prosent dyrare i løpet av det siste året. Det er meir enn den generelle prisauken i samfunnet, som har vore på 5,8 prosent.
No varslar regjeringa at dei sett inn tre tiltak på grunn av dei auka prisane. Dei skal:
- gjere ein studie av kvar pengane blir av frå bonden produserer maten til han hamnar i butikken.
- be konkurransetilsynet sjekke kvifor det skjer mykje prissignalisering. (Prissignalisering er når nokon til dømes varslar på førehand at dei skal setje prisen på ei vare opp før det skjer.)
- greie ut korleis prisar faktisk blir til. Aktørane i matmarknaden kan berre setje opp prisar to gonger i året, og regjeringa vil finne ut meir om korleis det skjer.
Les også: Han styrer pengane i Noreg