Han styrer pengane i Noreg

Trygve (43) vil at fleire born skal få drive med fritidsaktivitetar.

FAKTA: Kva er eit budsjett?

Eit budsjett er ei liste som hjelper deg å halda oversikt over økonomien din. Her ramsar du opp alle inntekter og utgifter, og ser kor mykje du har til overs etter eit år eller ei viss tid.

LES FAKTALUKK FAKTA

Trygve Slagsvold Vedum er finansminister i Noreg. Det vil seie at han har ansvaret for korleis Noreg brukar pengane sine.

Politikarane styrer pengane gjennom statsbudsjettet som blir laga kvar haust. Til neste år vil regjeringa bruke 1.748 milliardar kroner. Regjeringa er dei politikarane som styrer Noreg.

Mykje er bra

Vedum synest det er viktig at alle born får ein trygg og god oppvekst, uansett om dei bur i nord eller sør, på bygda eller i byen, og uansett kor mykje foreldra deira tener. 

– Det viktigaste er å ta vare på det som er bra. For det er ganske mykje: barnehage til alle, gode skular, sjukehus og helsestasjonar, skriv Vedum til Framtida junior.

Billegare aktivitetar

Ikkje alle familiar har like mange pengar. Eitt av grepa regjeringa vil gjere for at born skal få det betre, er å gjere det billigare å drive med fritidsaktivitetar. Dei vil også gi meir pengar til helsetenester for unge.

Dette svarar finansministeren om statsbudsjettet

Framtida Junior har fått nokre spørsmål til finansministeren frå 7. trinn på Ågotnes skule i Vestland.

  • Kvifor får ikkje skular som treng det, meir pengar?

– Det er kommunane som bestemmer kor mykje kvar einskild skule får. Eg har jobba for å gi kommunane litt meir pengar, så dei kan bruke det på skular som treng det, svarar Vedum.

  • Korleis er det å styre så mykje pengar?

– Det er eit stort ansvar, og jobben kan vere vanskeleg. Det er alltid fleire ting eg gjerne skulle ha brukt pengar på.

  • Kan du bruke pengane slik du vil?

– Pengane til Noreg er litt som pengane til ein familie. Mamma og pappa har rekningar som dei må betale, anten til straum, huslån, mat og SFO. Det som er til overs, kan dei bruke på andre ting.

På same måte må Noreg betale for sjukehus, politi, vegar, skule og barnehagar. Når alt det er betalt, er det ikkje så mange pengar igjen.

  • Kva skjer om vi sluttar å selje olje?

– Noreg har tent veldig mykje på olje i mange år. Det som er veldig fint er at vi har putta alle pengane på ein sparekonto, Oljefondet, der pengane veks. Ein dag skal vi ikkje hente opp meir olje frå havet, og då må vi passe på at vi har funne nye måtar å tene pengar på. Det er ein heilt vanleg måte for eit land å utvikle seg på. 

  • Kva gjer du om det er pengar igjen?

– Då kan vi bruke dei ekstra pengane på noko som vi synest er viktig, til dømes ein ny skøytehall, ei fotballbane, eller fleire lærarar på skulen.

Tips: Lag ditt eige budsjett!


Les også: Kort forklart: Kva er greia med statsbudsjettet?

Vedum og Støre må bli einige om sin versjon av statsbudsjettet før dei kan forhandle med andre parti. Foto Støre og Vedum: Ole Berg-Rusten / NTB, illustrasjonar Canva, kollasj Framtida.no